Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Tingvoll VGS > Nyheter > Koronaviruset

Koronaviruset- stopp av reiser og innstramming av møte og arrangement

Møre og Romsdal fylkeskommune har sett krisestab og følger situasjonen tett. Fylkeskommune tek situasjonen knytt til koronaviruset på alvor, og har frå i dag 11.mars sett i verk ytterlegare tiltak for å hindre smitte og spreiing av viruset. Det vil kunne bli sett inn nye tiltak på kort varsel.

Tiltak som no er sett i verk:

  • Stopp for alle reiser
    Sist veke vart det innført reisestopp for alle utanlandsreiser for elevar og tilsette. Dette betyr mellom anna at skoleturar dessverre må avlysast så lenge forbodet varar. I dag er det vedtatt stopp for alle tenestereiser i både inn- og utland. Berre heilt nødvendig tenestereiser innanlands kan bli godkjent.
  • Skal halde seg heime
    Alle tilsette og elevar som har vore og no kjem heim frå utlandet, skal halde seg heime i 14 dagar. I denne perioden skal tilsette, skal så langt det er mogeleg, arbeide heimanfrå og elevar få tilrettelagt undervisning.
  • Større arrangement og møte blir avlyst
    Fylkeskommunale møte og arrangement med fleire enn 15 deltakarar blir avlyst. Dette gjeld også deltaking på eksterne arrangement, der det er tenkt at tilsette og elevar skal delta.
  • Undervisning på vidaregåande skolar
    Skole og undervisning blir inntil vidare gjennomført, i tråd med nasjonale retningslinjer.
  • Gjennomføring av politiske møte
    Politiske møte blir gjennomført med maks 15 personar til stades. Møta vil bli streama på mrfylke.no/streaming
  • Inntil vidare blir tilsette oppfordra til ikkje å reise til utlandet på ferie.
  • Tilsette blir i fritid oppfordra til å ikkje delta på arrangement med større folkemengder.
  • Bruk av heimekontor for tilsette i risikogrupper, eller som har risikogrupper i hustanden sin, skal vurderast. Dette skal vere avtalt med næraste leiar.

Råd for tilsette i Møre og Romsdal fylkeskommune:

  • Inntil vidare blir tilsette oppfordra til ikkje å reise til utlandet på ferie.
  • Tilsette blir i fritid oppfordra til å ikkje delta på arrangement med større folkemengder.
  • Bruk av heimekontor for tilsette i risikogrupper, eller som har risikogrupper i hustanden sin, skal vurderast. Dette skal vere avtalt med næraste leiar.